sit for faen ikkje der og glo! skrik eg til månen eg glor ikkje kviskrar han mild eg skin Dette sitatet seier noko om heile denne diktsamlinga til Målfrid J. Frahm Jensen. Dette at ho gir sterke utløp for det ubehagelege, dette innestengde som tittelen viser til, frustrasjonar som så mange av oss kan slite med. Og samstundes viser desse linjene hennar evne til å gripe overraskande kontrastar og gje finstemte utrykk for det som er stille og ordlaust. Mange vil kunna kjenna seg att, ja rett og slett kjenna seg sett av desse små dikta. - Helge Torvund, lyrikar *** Dikta er både oppmerksame og finstemte, korthugne og kraftfulle. - Ingrid Nielsen, lyrikar
Målfrid J. Frahm Jensen (f. 19. mai 1963) debuterte med Spor i menneskeland i 2001, og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, ein kunst- og fødselsdagskalender og ei notatbok med dikt. Ho har i tillegg vore redaktør for opplysningshefte innan psykisk helse, og medforfattar i fleire fagbøker. Innestengd er hennar sjuande diktsamling.